| 
              45 000 mot 
            KS- Eg er ingen tilhengar av å 
            offentleggjere karakterar. Men i dag vil eg gjere eit unntak. Vi 
            snakkar om ein elev som ingen i utdannings-Noreg har meint var 
            kvalifisert til oppgåva. Eleven heiter KS. I år heiter prøven tariff 
            2004. I dette oppgjeret har KS gjort seg fortent til stryk! Det sa 
            Helga Hjetland foran 17 til 18 000 mennesker på 
            Youngstorget.  Kl 
            1700 begynte Youngstorget i Oslo å fylle seg til tung bluesmusikk 
            fra bandet Overall. Og snart var det medlemmer av 
            Utdanningsforbundet overalt, til sammen trolig like mange som 6. 
            februar i fjor. Samtidig ble det holdt liknende møter i 18 andre 
            byer i hele Norge. Totalt var det ca 45 000 deltakere i alle 
            arrangementene. På 
            Youngstorget i Oslo holdt også Anders Folkestad fra UHO, Gro 
            Standnes fra SL og Live Braathen Ellingsen fra Pedagogstudentene 
            appeller  Her følger 
            hele Helga Hjetlands appell med innlagte bilder fra 
            torgmøtet. Fagforeiningsvener! Eg er, som de veit, ingen tilhengar av å 
            offentleggjere karakterar. Men i dag vil eg gjere eit unntak - for 
            ein elev.  Vi snakkar om ein elev som ingen i heile 
            utdannings-Noreg har meint var kvalifisert til oppgåva. Men som 
            likevel, i meir enn tjue år, har masa om å få ta denne prøven. 
            Eleven heiter KS. I år heiter prøven tariff 2004. I dette 
            oppgjeret, folkens, har KS gjort seg fortent til 
            stryk! Eg trur eg kan leggje til at vi er samrøystes. Denne 
            karakteren er gitt utan dissens! Det leiinga i 
            KS ikkje vil seie høgt, kan vi lese i Dagens 
            Næringsliv."Varsel om eit ran" var 
            overskrifta dei nytta då dei skreiv om siste tilbodet frå 
            KS. 
              Dette handlar ikkje om eitt ran. Det handlar om ei 
            ransbølgje. Slutt rekkjene, folkens! Det er tid for samhald. KS 
            har nemleg nokre ivrige hjelparar, som no trur det er fritt 
            fram. I Sørum kommune vil skulesjefen og ordføraren kneble 
            skuleleiarane.Rektorane har fått 
            skriftleg beskjed om å halde seg heime den dagen deira eigen 
            fagforeining er i gatene for å protestere mot at kommunale leiarar 
            står i fare for å miste både sentrale tillegg og streikerett. Dette 
            er å trampe på ytringsfridomen!KS vil rane oss for faglege rettar og 
              framtidig lønnsutvikling. 
              KS vil rane streikeretten frå 
              barnehagestyrarar og skuleleiarar. 
              KS vil rane oss for sentrale avtalar, ta frå 
              oss kompetanselønnssystemet, tvinge på oss lokale forhandlingar og 
              la låglønte slåss mot kvarandre om lønnsmidla i den einskilde 
              kommune.   Men det er òg eit signal. Rektorane er "våre", 
            seier KS.Dette er eit forvarsel om 
            kva vi har i vente. Og som gjeld oss alle. Dette kan råke alle 
            leiarar i barnehage og skule. Det kan, i neste omgang, bli eit 
            trugsmål mot alle førskulelærarar og lærarar. Vi ser ein 
            arbeidsgjevar som er utan magemål i sin appetitt på disiplin frå dei 
            tilsette. Og som svever i den villfaringa at dei har rett til å 
            instruere sine mellomleiarar i høve til deltaking i ein 
            demonstrasjon på kveldstid. Dette skjer 
            overfor rektorar, altså dei øvste leiarane for den offentlege 
            skulen. Desse leiarane skal vere førebilete i institusjonar som skal 
            fremje demokratiske verdiar og ideal. Skulen skal syte for at 
            elevane utviklar seg til engasjerte, kritiske og sjølvstendige 
            samfunnsborgarar. Det skal den fordi vi, gjennom bitter røynsle, har 
            lært kor gale det kan gå om vi ikkje satsar på desse 
            verdiane. Det skulesjefen har gjort er eit grovt angrep på 
            ytringsfridomen, ja - på heile demokratiet! Skulesjefen 
            og ordføraren i Sørum fortener kontant svar på dette overtrampet. Vi 
            må aldri, aldri tillate at dei vinn fram! Eg er stolt 
            og imponert når eg ser utover dette folkehavet. Og det som gler meg 
            heilt spesielt, er at det - ute blant dykk - også står nokre 
            skuleleiarar frå Sørum!  For to timar sidan fekk eg ein e-post frå 
            Nordland. I går sende fylkesutdanningssjefen der ei melding til alle 
            sine rektorar med nett den same beskjeden som dei sist veke fekk i 
            Sørum. No er det alvor!Utdanningsforbundet kjempar i dette tariffoppgjeret 
            ikkje berre for avtalar og løn. Dette er no blitt ein kamp om heilt 
            grunnleggjande demokratiske rettar. Arrogante og historielause 
            toppsjefar skal få merke at her går grensa. Dei trudde kanskje at 
            dei skulle vinne underdanig respekt. Slik blir det ikkje. Dei skal 
            hauste storm! Skuleverket er problemet, seier KS. Nei, skuleverket 
            er ikkje problemet.Det er KS som er problemet. KS vil fjerne alle 
            dei ordningane og alle dei avtalene vi har hatt med 
            staten.KS vil tvinge på oss eit 
            tariffsystem der meir og meir skal avgjerast i lokale 
            forhandlingar.Det er det som er 
            problemet. Vi har òg ein bodskap til regjeringa i 
            dag:I samband med overføringa av 
            forhandlingsansvaret skreiv statsministeren at dette skulle skje på 
            eit vis som sikra at "undervisningspersonalets særegenhet og 
            rettigheter ble 
            ivaretatt".                                                                      Det har ikkje 
            skjedd.  Vi har møtt ein motpart utan respekt for 
            særegenhet og utan respekt for rettar. Vi krev at handling no må 
            følgje 
            ord.               Det er på høg tid at regjeringa gjer det klart at KS 
            hittil i dette oppgjeret har brote fullstendig med føresetnadene for 
            overføringa. Kjære meddemonstrantar!Vi, som driv med utdanning, veit at når det har gått 
            skeis for nokon, kan det vere klokt å gi dei ein sjanse til å rette 
            opp att prestasjonane sine. KS skal få 
            ein sjanse. Munnleg del av prøva blir avslutta med sensur om 
            litt meir enn to veker.Den delen 
            heiter mekling. Gir ein dei rette svara der, er det faktisk mogleg å 
            snakka seg kraftig opp. KS treng 
            ikkje leite etter svara. Dei veit kva vi krev. Det kjem berre til å 
            stå på viljen.  Den skal 
            visstnok vere god, om vi skal tru KS-leiaren.  Halvdan Skard sa 
            for eit par år sidan til oss at vi ikkje hadde noko å frykte, 
            "lærerorganisasjonene skal ikke gjøre knefall for 
            KS!» Ver trygg, Halvdan Skard. Vi - gjer - ikkje - 
            knefall - for - KS! Viss ikkje KS vil ivareta våre «rettigheter» og 
            vår «særegenhet», skal vi gjere det sjølve - med all vår kraft og 
            med alle lovlege middel. Er de med, folkens? Godt å 
            høyre!Eg kan fortelje dykk at nett 
            no ljomar det same svaret frå titusenvis av våre medlemmar over 
            heile landet.Utdanningsforbundet er 
            klar til kamp!      |  |